Våt fadderveke kan påverka alkoholvaner blant studentar

Norske universitet tek imot nye studentar med ”fadderveka”, eit arrangement som skal fremja sosial integrering. Studentane har det gøy og får nye vener, men spør og om alkohol spelar for stor rolle under arrangementet. Kan det å møta nye studentar med eit arrangement sentrert rundt alkohol påverka personlege drikkevanar og alkoholkulturen?

Alkohol og rus er for mange ein naturleg og viktig del av studielivet, og auke i alkoholinntak i samband med overgangen frå elev til student er vanleg. I mange vestlege land vert oppstarten av studielivet markert med ulike arrangement eller ritual -  som amerikanske «hazing», britiske «freshers week» og «orientation week» på New Zealand. I Norge tek universitet og høgskular imot nye studentar med ”fadderveka” kvar august. Med mål om å fremja sosial integrering vert nye studentar vert delte i grupper og leia gjennom ulike arrangement av eldre studentar.

Studentane ser ut til å setja stor pris på fadderveka; dei har det gøy og får nye vener. Dei fortel at alkohol gjer at dei slappar av og lettare vert kjent. Likevel spør både studentar og andre seg om alkoholen spelar for stor rolle i fadderveka. Mange opplever at det er forventa at ein skal drikka mykje, at rusen gjer innpass til samhaldet og at det å delta utan å drikka kan vera vanskeleg. Kan det å møta nye studentar med eit arrangement så sentrert på alkohol bidra til å forma ein risikofylt alkoholkultur blant studentar? Eller kan det gjera sosial integrering vanskeleg for studentar som drikk mindre alkohol?

Studentar som hadde deltatt i fadderveka drakk meir

I vår studie av ikkje-avhaldne, norske studentar fann me at dei som hadde deltatt i fadderveka som nye studentar drakk meir og oftare enn andre studentar, og oftare rapporterte eit risikofylt drikkemønster. Samanhengen mellom deltaking i fadderveka og risikofylt drikking var til stades blant nye studentar og blant studentar som hadde studert i fleire år.

Når studentar som deltek i fadderveka drikk meir enn andre kan det tyda på at arrangementet kan påverka haldingar til alkohol og personlege drikkevanar. Tidlegare forsking har vist at studentar som drikk mykje under ”orientation week” også drikk meir enn andre i løpet av første studieår. Vidare drikk studentar som drakk mykje det første året også mykje i komande år.

Høgt alkoholkonsum over tid kan auka risikoen for å bli avhengig, for plager, skader og ulukker. I vår studie strauk studentar med risikofylt drikkemønster oftare enn andre fleire gongar til eksamen. Saman indikerer desse funna at høgt alkoholkonsum under fadderveka ikkje kan sjåast på isolert – det kan påverka risikoåtferd, helse og akademiske prestasjonar langt utover dei første studievekene. 

Er sosial integrering vanskelegare for dei som drikk mindre?

Samanhengen mellom deltaking i fadderveka og risikofylt drikking kan også forklarast gjennom at fadderveka er meir attraktiv for studentar som drikk mykje og studentar som drikk mindre i mindre grad deltar. Både i Danmark og Noreg har studentar rapportert at fokuset på alkohol under fadderveka kan gjera sosial integrering vanskeleg for nye studentar som ikkje drikk. Nokre studentar opplever å måtta forklara seg dersom dei ikkje drikk under fadderveka, og føler seg utestengt frå ein viktig sosial arena. 

Studentsamskipnadane opptekne av alkohol

Uansett om samanhengen mellom deltaking i fadderveka og risikofylt drikking oppstår grunna utval til deltaking eller påverknad av drikkevanar er dette noko universiteta og studentsamskipnadane er opptatt av. Ved mange universitet prøver ein no å redusera fokuset på alkohol i fadderveka. Ved betre opplæring av studentar som skal vera fadrar og ved å innføra fleire alkoholfrie arrangement, som kulturelle- og sportsarrangement, kan ein forhåpentleg vis behalda dei gode sidene ved fadderveka - det kjekke og sosiale– utan å bidra til overstadig rus, skader og ulykker, og samtidig unngå sosial eksklusjon av studentar som ikkje kan eller ikkje vil drikka alkohol i store mengder.

Solbjørg Makalani Myrtveit
Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Universitetet i Bergen

Publisert 17.10.2016

Senast uppdaterad

2017-11-22

Nordens välfärdscenter | tel: +46 8 545 536 00 | | En institution under Nordiska ministerrådet